2 Thessalonians 3NO1978NN

1Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må ha stor framgang og koma til ære, liksom hjå dykk!

2Og bed om at vi må verta berga frå vrange og vonde menneske; for det er ikkje alle som trur.

3Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.

4Og Herren har gjeve oss den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk.

5Gjev Herren må leia dykk fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!

6Vi byd dykk, brør, i Herren Jesu Kristi namn at de held dykk borte frå kvar bror som lever eit vørdlaust liv og ikkje rettar seg etter den læra de fekk av oss.

7De veit sjølve korleis de skal leva om de vil ha oss til føredøme. For vi levde ikkje eit latmannsliv hjå dykk

8og lét ikkje nokon halda oss maten utan vederlag. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit, så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle.

9Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme, så de kunne gå i våre fotefar.

10For då vi var hjå dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.

11Vi høyrer nemleg at nokre av dykk ikkje har skikk på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, men driv med unyttige ting.

12Slike brør byd og påminner vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.

13Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som rett er!

14Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de bita dykk merke i han. Ha ikkje noko med han å gjera, så han kan gå i seg sjølv.

15Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rettes som ein bror.

16Må han, fredens Herre, gje dykk sin fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!

17Denne helsinga skriv eg, Paulus, med eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.

18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Thessalonians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.