1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og frå Kristus Jesus, vår von,
2helsar Timoteus, sin ektefødde son i trua. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3Då eg fór til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby visse folk å fara med anna lære.
4Sei til dei at dei ikkje må gje seg av med mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelsesplan; den er for trua.
5Men målet for dette påbodet er den kjærleiken som kjem frå eit reint hjarta, eit godt samvit og ei ærleg tru.
6Nokre har villa seg bort frå dette målet og har hamna i tomt snakk.
7Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvtrygge om.
8Men vi veit at lova er god når ho vert bruka som ho skal brukast.
9Vi må hugsa at lova ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og sjølvrådige, ugudelege og syndarar, folk utan age for det heilage, verdslege, born som slår far sin eller mor si, mordarar,
10menn som driv hor eller har utuktig omgang med menn, slavehandlarar, lygnarar og dei som gjer rang eid, og kva det elles måtte vera som strider mot den sunne læra.
11Dette seier eg i samsvar med evangeliet om den sæle Guds herlegdom, det som eg har fått overlate.
12Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta,
13eg som før spotta, forfylgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for vantruande som eg var, visste eg ikkje kva eg gjorde.
14Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus.
15Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største.
16Men når eg fekk miskunn, var det for at Jesus Kristus fyrst skulle syna alt sitt langmod på meg, til eit føredøme for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv.
17Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han skal ha pris og ære i all æve. Amen.
18Å forkynna dette, Timoteus, son min, er den oppgåva eg overgjev deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden,
19i tru og med godt samvit. Nokre har kasta frå seg det gode samvitet og lide skipbrot på trua.
20Mellom dei er Hymeneus og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, så dei skal tuktast til å la vera å spotta.