1Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske.
2Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad.
3Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar,
4han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.
5For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus,
6han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen;
7og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.
8Eg vil at mennene alle stader der dei held bøn, skal lyfta reine hender, utan sinne og trette.
9Like eins vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal ikkje pynta seg utfordrande, men sømeleg, ikkje med allslags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede.
10Deira prydnad skal vera gode gjerningar; det sømer seg for kvinner som vil leva etter Guds vilje.
11Ei kvinne skal ta imot læra teiande; ho skal underordna seg.
12Eg gjev ikkje ei kvinne lov til å vera lærar eller rå over mannen; ho skal halda seg still.
13For Adam vart skapt fyrst, og så Eva.
14Og Adam vart ikkje forført, men kvinna lét seg forføra og braut bodet.
15Men ho skal verta frelst, gjennom si barnefødsle, berre ho held fast på tru, kjærleik og helging, og lever som det sømer seg.