1Dette er eit truverdig ord: Om nokon vil ha eit tilsynsembete, har han hug på ei gjæv gjerning.
2Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til éi kvinne, edrueleg, visleg, høvisk, gjestmild, dugeleg til å læra frå seg,
3ikkje drikkekjær eller hardhendt, men mild, ikkje stridshuga eller pengekjær.
4Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans er lydige og viser vørdnad.
5Men greier han ikkje styra sitt eige hus, kor kan han då ha omsut for Guds kyrkje?
6Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han verta hovmodig og koma under same domen som djevelen.
7Han må ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje vert spotta og fell i djevelens snare.
8Like eins skal diakonane vera vørde menn, som ikkje talar med to tunger, ikkje ligg under for drikk og ikkje er ute etter låk vinning.
9Dei skal eiga løyndomen i trua i eit reint samvit.
10Men dei òg skal prøvast fyrst, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta.
11Like eins skal kvinnene vera vel vørde, ikkje fara med baktale, men vera edruelege og pålitelege i alt.
12Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal vera ein god far og husbond.
13For diakonar som har gjort ei god teneste, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.
14Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma attende om ikkje så lenge.
15Men skulle det drya, vil eg at du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkje, sannings støtte og grunnvoll.
16Det må alle sanna at løyndomen i vår gudstru er stor: Han vart openberra ¬i menneskeskapnad, vann sin rett i Anden, vart sedd av englar, forkynt for folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom.