2 Thessalonians 2NO1978NN

1Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:

2Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.

3Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,

4han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.

5Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?

6Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem.

7Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen.

8Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.

9Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.

10Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste.

11Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna.

12Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

13Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.

14Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.

15Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev.

16Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og ei god von,

17han gjeve dykk mot i hjarta og styrke til alt godt, i ord og gjerning!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Thessalonians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.