2 Samuel 2NO1978NN

1Sidan spurde David Herren til råds: «Skal eg fara opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, gjer det!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron,» svara Herren.

2Så fór David dit med dei to konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel.

3Han tok òg med seg dei mennene som fylgde han. Alle hadde huslyden sin med; og dei busette seg i landsbyane kring Hebron.

4Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Juda-ætta. Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul,

5sende han nokre bodberarar til dei. Dei skulle seia: «Herren velsigne dykk fordi de synte slik truskap mot Saul, herren dykkar, at de gravla han.

6Gjev Herren må syna dykk godhug og truskap! Og eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette.

7Så ta då mot til dykk og ver djerve menn! Saul, herren dykkar, er nok borte, men no har Juda-folket salva meg til konge over seg.»

8Abner Nersson, hærføraren åt Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.

9Der fekk Abner han utropt til konge over Gilead, Asjer og Jisre’el, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.

10Isjbosjet Saulsson var førti år gamal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Juda-ætta som heldt seg til David.

11I sju år og seks månader var David konge i Hebron over Juda-ætta.

12Abner Nersson tok ut frå Mahanajim med mennene åt Isjbosjet, son til Saul, og fór til Gibeon.

13Joab Serujason og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.

14Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda ein våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det,» svara Joab.

15Så reiste dei seg og gjekk fram, så mange som skulle vera med, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet Saulsson, og tolv av mennene til David.

16Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdet i sida på kvarandre, så dei fall alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Sverdmarka; han ligg ved Gibeon.

17Det vart ein ovhard strid den dagen. Og Abner og israelittane tapte for mennene til David.

18Dei tre Seruja-sønene, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lettføtt som ein gasell i marka.

19Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til nokon kant, men heldt seg heile tida i hælane på han.

20Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja,» svara han.

21Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil! Grip ein av unggutane og ta rustninga hans!» Men Asael ville ikkje la vera å forfylgja han.

22Endå ein gong ropa Abner til han og sa: «Hald opp med å fylgja etter meg! Vil du kanskje at eg skal slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i augo?»

23Men han ville ikkje halda opp. Då rende Abner spydskaftet inn i magen hans, så det gjekk ut gjennom ryggen, og han fall om og døydde der. Alle som kom til den staden der Asael hadde falle og døytt, vart ståande ei stund.

24Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfylgja Abner. Då sola gladde, var dei komne til Amma-haugen, som ligg midt for Giah, der vegen går til Gibeon-øydemarka.

25Då samla benjaminittane seg i ei fylking bak Abner og stelte seg på toppen av ein haug.

26Og Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å herja? Skjønar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til mennene dine at dei skal slutta å forfylgja frendane sine?»

27Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket fyrst i morgon ha slutta å forfylgja frendane sine.»

28Så bles Joab i hornet, og heile hæren stogga. Dei forfylgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.

29Abner og mennene hans gjekk gjennom Jordan-dalen heile natta. Dei sette over Jordan, fór gjennom heile Bitron og kom til Mahanajim.

30Då Joab hadde halde opp med å forfylgja Abner, samla han heile hæren. Forutan Asael vanta det nitten av mennene til David.

31Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar, av Abners folk.

32Dei tok Asael med seg og gravla han i grava åt far hans i Betlehem. Joab og mennene hans gjekk heile natta og kom til Hebron då det tok til å dagast.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.