2 Samuel 3NO1978NN

1Striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta vart dryg. Og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætta veikare og veikare.

2David fekk desse sønene medan han budde i Hebron: Den fyrste var Amnon, som han fekk med Akinoam frå Jisre’el.

3Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Ma’aka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur.

4Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital.

5Den sjette var Jitream, son til Egla; ho òg var kona til David. Desse sønene fekk David i Hebron.

6Så lenge striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls-ætta.

7No hadde Saul hatt ei fylgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Ein gong sa Isjbosjet til Abner: «Kvifor har du vore saman med fylgjekona til far min?»

8Då Abner høyrde det Isjbosjet sa, vart han brennande harm og sa: «Er eg berre eit hundehovud som held med Juda? Den dag i dag viser eg truskap mot ætta åt Saul, far din, mot frendane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap for denne kvinna skuld!

9Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer det for David som Herren har lova han.

10Eg vil ta kongedømet frå Sauls-ætta og reisa Davids kongsstol både over Israel og Juda, frå Dan til Be’er-Sjeba.»

11Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han Abner.

12Så sende Abner nokre menn til David. Dei skulle seia: «Kven er det som eig landet? Gjer pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel til å gå over til deg.»

13David svara: «Godt, eg vil gjera pakt med deg. Berre ein ting krev eg av deg: At du ikkje kjem for augo mine utan at du har med deg Mikal Saulsdotter.»

14Så sende David nokre menn til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med førehudene av hundre filistarar.»

15Då sende Isjbosjet bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj.

16Mannen fylgde med. Han gjekk gråtande etter henne heilt til Bakurim. Der sa Abner til han: «Far heim att!» Då snudde han og fór heim att.

17Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge.

18Så lat han no verta det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.»

19Sameleis tala han med mennene frå Benjamin òg. Så fór han til Hebron og ville fortelja David kva israelittane og alle benjaminittane hadde sett seg føre.

20Då Abner kom til David i Hebron med eit fylgje på tjue mann, heldt David eit gjestebod for han og mennene som var med han.

21Og Abner sa til David: «No vil eg fara i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så gjer dei pakt med deg, og du kan rå over heile det riket du ynskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog trygt bort.

22Davids menn og Joab kom heim frå ei herjeferd og hadde mykje hærfang med seg. Abner var då ikkje lenger hjå David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege trygt bort.

23Då Joab var vel heime att med heile hæren, kom det nokre menn til han og sa: «Abner Nersson kom til kongen, og han lét han fara trygt bort.»

24Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva er det du har gjort? Når Abner kom til deg, kvifor lét du han då fara sin veg?

25Du kjenner då Abner Nersson? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du tek deg føre.»

26Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David.

27Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin.

28Sidan fekk David høyra om dette. Då sa han: «Aldri vil Herren halda meg og kongedømet mitt skuldig i drapet på Abner Nersson.

29Gjev straffa må koma over Joabs hovud og over heile farsætta hans! Gjev det i Joabs ætt alltid må vera folk som har utflod eller hudsjukdom, som går med krykkjer, fell for sverd eller er matlause.»

30Såleis drap Joab og Abisjai, bror hans, Abner fordi han hadde felt Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.

31Så sa David til Joab og til alle som var med han: «Riv sund kleda dykkar, ta på dykk syrgjeplagg og hald lik-klage over Abner!» Sjølv gjekk kong David etter båra.

32Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og alt folket gret.

33Og kongen kvad ein klagesong over Abner: Laut Abner døy ¬som ein niding døyr?

34Dine hender var ikkje bundne, dine føter ikkje lagde i lekkjer. Du fall som ein fell ¬for ugjerningsmenn. Då gret folket endå meir over han.

35Sidan kom folket og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gladd!

36Folket merka seg dette og lika det godt. Alt det kongen gjorde, lika dei godt.

37Den dagen skjøna alle som var samla, ja heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner Nersson.

38Og kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at ein hovding og stor mann i Israel er fallen i dag.

39Eg er enno for veik, om eg er salva til konge, og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.