2 Samuel 1NO1978NN

1Då Saul var død, og David var komen heim att etter at han hadde vunne over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.

2Tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og mold på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg vørdsamt til jorda.

3David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg har rømt frå Israels-leiren.»

4Då sa David til han: «Korleis har det gått? Fortel meg det!» Han svara: «Mennene rømde frå slaget, og mange av dei fall og miste livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»

5David spurde den unge guten som fortalde han dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»

6Guten som kom med bodet, svara: «Det laga seg så at eg kom opp på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og stødde seg til spydet sitt, medan stridsvognene og hestfolket trengde hardt inn på han.

7Best det var, snudde han seg, og då han fekk sjå meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja.

8Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekitt.

9Då sa han til meg: Kom hit og drep meg! Det svimrar for meg, men enno er eg ved fullt medvit.

10Så gjekk eg bort til han og gav han banehogget, for eg skjøna at han ikkje kunne leva når han fall om. Eg tok diademet han hadde på hovudet, og ringen han bar på armen, og her kjem eg med dei, herre.»

11Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han.

12Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden.

13Så spurde David guten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»

14Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salvevigde og drepa han?»

15Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,

16og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»

17David kvad ein klagesong over Saul og Jonatan, son hans.

18Og han sa at Juda-folket skulle læra denne songen, som vert kalla «Bogen». Han er oppskriven i «Boka åt den rettvise» og lyder:

19No ligg din prydnad, Israel, drepen på dine haugar. Å, at krigarane er falne!

20Fortel det ikkje i Gat, kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater! Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg, døtrene til dei uomskorne jubla.

21De Gilboa-fjell! Gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk! Gjev markene aldri ¬må bera fyrstegrøde! For der vart krigarars skjold ¬sulka med blod. Sauls skjold er ikkje smurt ¬med olje.

22Utan blod av falne, ¬utan feitt av krigarar vende Jonatans boge ¬aldri attende, aldri kom Sauls-sverdet ¬umetta heim.

23Saul og Jonatan, ¬elska og avhaldne, korkje i liv eller død ¬vart dei skilde. Snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løver.

24Israels døtrer, gråt over Saul, som kledde dykk fagert i purpur og prydde dykkar bunad ¬med gull!

25Å, at krigarane fall i striden! At Jonatan ligg drepen ¬på dine haugar!

26Sårt syrgjer eg over deg, Jonatan, min bror! Du var meg så inderleg kjær. Din kjærleik var dyrare for meg enn kvinners kjærleik.

27Å, at krigarane er falne og stridsmenns våpen ¬øydelagde!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.