1Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart hardt såra.
4Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg!» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det.
5Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og fylgde Saul i døden.
6Såleis døydde dei alle den dagen, Saul og dei tre sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans.
7Då dei israelittane som budde på den andre sida av Jisre’el-sletta og av Jordan, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.
8Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.
9Dei hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen i avgudstempla og for folket.
10Våpna hans la dei ned i Astarte-templet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.
11Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,
12drog alle våpenføre menn i veg og gjekk heile natta. Dei tok lika av Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean, fór til Jabesj og brende dei der.
13Så tok dei beina deira og gravla dei under tamariska i Jabesj. Og dei heldt faste i sju dagar.