2 Samuel 14NO1978NN

1Då Joab Serujason skjøna at kongen lengta etter Absalom,

2sende han bod etter ei klok kone som budde i Tekoa, og sa til henne: «Lat som om du har sorg! Kled deg i syrgjebunad, og salva deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne når ho i lang tid syrgjer over ein som er død.

3Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.

4Kona frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp, konge!»

5«Kva er i vegen med deg?» spurde kongen. Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.

6Tenestkvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen som kunne skilja dei åt. Då slo den eine til den andre og drap han.

7Og no har heile ætta reist seg mot tenestkvinna di og seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo bror sin i hel; så får vi med det same rudt arvingen or vegen. – Såleis kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att; dei unner mannen min korkje namn eller etterkomarar på jorda.»

8Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av dette.»

9Men kona frå Tekoa svara: «Eg og mi ætt skal bera skulda, herre konge. Kongen og kongsstolen skal vera skuldfrie.»

10Kongen sa: «Er det nokon som trugar deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.»

11Då sa ho: «Gjev kongen måtte kalla på Herren sin Gud, så ikkje blodhemnaren får valda endå meir ulukke, og dei rydjar son min or vegen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din.»

12Då sa kona: «Kan eg få seia deg endå eit ord, herre konge?» «Tal du!» svara han.

13Ho sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det du no sa, konge, har du dømt deg sjølv, sidan du ikkje lèt han som er bortstøytt, koma heim att.

14For alle må vi døy og verta liksom vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv; han tenkjer på korleis ein som er bortstøytt frå han, ikkje lenger skal vera bortstøytt.

15No kjem eg og legg denne saka fram for deg, herre konge. For dette folket skræmde meg, og då tenkte eg: Eg vil tala med kongen. Kanskje gjer han det eg bed han om.

16Kongen vil nok høyra på meg og berga tenestkvinna si frå den mannen som vil rydja både meg og son min ut or det landet Gud har gjeve folket sitt.

17Eg tenkte, herre konge, at eit ord frå deg ville vera meg til trøyst. For du, herre konge, er som Guds engel og skjønar deg både på godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!»

18Då tok kongen til ords og sa til kona: «Døl ikkje for meg det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho.

19Kongen spurde: «Har ikkje Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kona svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma utanom noko av det du seier, herre konge, korkje til høgre eller venstre. Ja, det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som la meg alle desse orda i munnen.

20Det var for å gje saka ei ny vending at Joab, tenaren din, gjorde dette. Men du, herre, er vis som Guds engel og veit om alt som hender i landet.»

21Så sa kongen til Joab: «Vel, eg skal gjera som du vil. Far i veg og henta den unge guten, Absalom.»

22Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar eg, tenaren din, at du har godvilje for meg, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg.»

23Så gjorde Joab seg ferdig; han fór til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.

24Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for augo mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.

25Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han.

26Frå tid til anna vart håret hans så langt at han laut klyppa det. Og når han så gjorde, vog det to hundre sekel etter den vekt som kongen nytta.

27Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei fager kvinne.

28Absalom budde no i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen.

29Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller.

30Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at tett innmed jordet mitt har Joab ein byggåker. Gå av stad og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren.

31Då fór Joab opp, gjekk heim til Absalom og sa: «Kvifor har tenarane dine svidt av åkeren min?»

32Absalom svara: «Du veit eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Kviler det skuld på meg, får han heller drepa meg.»

33Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.