1Ei tid etter hende det som no skal forteljast. Absalom, son til David, hadde ei fager syster som heitte Tamar. Henne hadde Amnon, ein annan av sønene til David, vorte glad i.
2Amnon lengta slik etter Tamar, syster si, at han var reint sjuk. For han såg seg inga råd til å koma nær henne, sidan ho var møy.
3Men Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab; han var son til Sjima, bror til David, og var ein svært klok mann.
4Ein dag sa han til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du ser så sturen ut kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.»
5Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg får han av hennar hand.»
6Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei straks ho er ferdig med dei.»
7Då sende David bod inn i slottet til Tamar: «Gå heim til Amnon, bror din, og stell til mat åt han!»
8Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan Amnon såg på, og steikte dei.
9Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han; men han ville ikkje eta. Han bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,
10sa han til Tamar: «Kom hit inn i kammeret med maten, så eg kan ta imot han av di hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i romet til Amnon, bror sin.
11Men då ho rette dei til han og bad han eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk!
13Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.»
14Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne.
15Men etterpå fekk Amnon eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Og han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»
16Ho svara: «Nei bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den fyrste du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.
17Han ropa på tenaren som stelte for han, og sa: «Få denne kvinna ut or huset, og steng døra etter henne!»
18Tamar hadde på seg ein sid kjole med lange ermar, for i slike kjolar gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei ikkje var gifte. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.
19Tamar strøydde støv på hovudet, reiv sund den side kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.
20Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og sorgfull heime hjå Absalom, bror sin.
21Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.
22Sidan sa Absalom aldri eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han bar hat til Amnon fordi han hadde ført vanære over Tamar, syster hans.
23To år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor, som ligg ved Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24Fyrst gjekk han til kongen og sa: «No skal tenaren din klyppa sauene. Vil ikkje du, konge, og mennene dine gjera så vel og vera med?»
25Men kongen svara: «Nei, son min; vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom talde for han, men kongen ville ikkje koma og bad farvel med han.
26Då sa Absalom: «Men om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med!» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»
27Men Absalom nøydde han til han lét både Amnon og alle dei andre kongssønene få vera med han.
28Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!»
29Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.
30Medan dei endå var på vegen, nådde det ordet til David at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.
31Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg ned på jorda. Og alle mennene hans stod der med sundrivne klede.
32Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til ords og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som har mist livet. For det har etter Absaloms eigne ord vore avgjort heilt frå den dagen han førte vanære over Tamar, syster hans.
33Så bry deg ikkje om det når dei seier at alle kongssønene har mist livet. For det er berre Amnon som er død.»
34Imedan hadde Absalom rømt. Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.
35Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»
36Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga.
37Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida.
38Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.
39Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over sorga etter Amnon.