2 Samuel 15NO1978NN

1Då det leid av ei tid, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang føre han.

2Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, kalla Absalom han til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hi av Israels-ættene,

3sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.»

4Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»

5Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.

6Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene.

7Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren!

8For då eg budde i Gesjur i Aram, gav eg denne lovnaden: Lèt Herren meg få koma heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»

9Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron.

10Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»

11Saman med Absalom drog det to hundre mann som var bedne med frå Jerusalem. Dei fylgde med i god tru og visste ikkje om noko.

12Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.

13Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.»

14Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»

15Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.»

16Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset.

17Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset.

18Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.

19Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din.

20Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»

21Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.»

22Då sa David til Ittai: «Gå framom du òg!» Så gjekk Ittai frå Gat framom med alle mennene sine og med alle kvinnene og borna som dei hadde med seg.

23Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka.

24Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen.

25Men kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste attende til byen. Har Herren godvilje for meg, lèt han meg koma heim att, så eg får sjå både paktkista og staden der ho står.

26Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»

27Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.

28Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.»

29Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande.

30Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.

31David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!»

32Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet.

33David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg.

34Men går du attende til byen, kan du gjera Akitofels planar til inkjes for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.

35Der har du prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongsgarden, skal du seia frå om til dei.

36Begge sønene deira, Akima’as, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»

37Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.