1I det andre året Joasj, son til Joakas, var konge i Israel, vart Amasja, son til Joasj, konge i Juda.
2Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
3Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje som David, ættefar hans. Han bar seg i alle måtar så åt som Joasj, far hans, hadde gjort.
4Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.
5Så snart Amasja hadde riket trygt i si hand, slo han i hel dei mennene som hadde drepe far hans, kongen.
6Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg etter det bodet frå Herren som står skrive i lovboka åt Moses: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.
7Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. Han tok Sela og kalla byen Jokte’el, som han har heitt til denne dag.
8På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.
9Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.
10Du har vunne over edomittane, og difor har du vorte så stormodig. Lat deg no nøya med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»
11Men Amasja ville ikkje høyra på han. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
12Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.
13Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.
14Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.
15Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
16Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg, og Jeroboam, son hans, vart konge etter han.
17Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.
18Det som elles er å seia om Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
19Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.
20Så køyrde dei han til Jerusalem med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.
21Så tok heile Juda-folket og gjorde Asarja, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.
22Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.
23I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.
24Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
25Han vann att landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Øydemarksjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer.
26For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute både med store og små, og det fanst ingen som hjelpte dei.
27Herren hadde ikkje sagt at han ville stryka ut Israels namn under himmelen. Difor lét han Jeroboam, son til Joasj, berga dei.
28Det som elles er å seia om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
29Jeroboam gjekk til kvile hjå fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han.