2 Kings 13NO1978NN

1I det tjuetredje året Joasj, son til Akasja, var konge i Juda, vart Joakas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år.

2Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt fram med dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei gav han ikkje opp.

3Då vart Herren brennande harm på Israel. Gong på gong gav han dei i hendene på aramearkongen Hasael og son hans, Benhadad.

4Men Joakas bad Herren om nåde, og Herren høyrde bøna hans; for han såg kor vondt israelittane hadde det når aramearkongen plaga dei.

5Herren gav dei ein bergingsmann, så dei kom seg fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i heimane sine som før.

6Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria.

7Joakas hadde ikkje meir att enn femti hestfolk med ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.

8Det som elles er å seia om Joakas og alt det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

9Joakas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.

10I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.

11Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.

12Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i striden med Amasja, kongen i Juda, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

13Då Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine, sette Jeroboam seg på kongsstolen hans. Joasj vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg.

14Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!»

15Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort,

16sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen

17og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»

18Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.

19Då vart gudsmannen harm på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort heilt ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»

20Så døydde Elisja og vart gravlagd. På den tid kom det kvart år herjeflokkar frå Moab inn i landet.

21Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik herjeflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina åt Elisja, livna han opp att og reiste seg.

22Hasael, kongen i Aram, plaga israelittane hardt så lenge Joakas levde.

23Men Herren var nådig og mild mot dei. Han tok seg av dei på grunn av den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og støytte dei endå ikkje bort frå seg.

24Då aramearkongen Hasael døydde, vart Benhadad, son hans, konge etter han.

25Joasj, son til Joakas, vann då att frå Benhadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred mellom dei. Tre gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.