1I det tjuesjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asarja, son til Amasja, konge i Juda.
2Han var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
3Asarja gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.
4Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.
5Men Herren rørte ved kongen, så han fekk ein hudsjukdom som gjorde han urein, og den hadde han til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.
6Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
7Asarja gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Jotam, son hans, vart konge etter han.
8I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.
9Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom fedrane hans. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
10Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.
11Det som elles er å seia om Sakarja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
12Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ættleder skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol.» Og så vart det.
13Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.
14Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i staden hans.
15Det som elles er å seia om Sjallum og den samansverjinga han fekk i stand, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
16Den gongen drog Menahem ut frå Tirsa og herja Tappuah, alt som var i byen, og bygdene ikring. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinnene der som var med barn.
17Det var i det trettiniande styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.
18Menahem gjorde det som vondt var i Herrens augo. Så lenge han levde, gav han ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
19Pul, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv, for at han skulle støtta han og tryggja kongedømet hans.
20Dei pengane Menahem laut gje til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på alle velståande menn i Israel, femti sekel på kvar. Så fór assyrarkongen heim att og stogga ikkje lenger i landet.
21Det som elles er å seia om Menahem og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
22Menahem gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
25Våpensveinen hans, Pekah, son til Remalja, fekk til ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i kongsgarden. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i staden hans.
26Det som elles er å seia om Pekahja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
27Det var i det femtiandre styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Pekah Remaljason vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.
28Pekah gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
29På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og tok Ijjon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoak, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og folket som budde der, førte han bort til Assyria.
30Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason. Hosea slo han i hel og vart konge i staden hans. Det var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.
31Det som elles er å seia om Pekah og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
32I det andre året Pekah Remaljason var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.
33Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.
34Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort.
35Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus.
36Det som elles er å seia om Jotam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
37På den tid tok Herren til å senda Resin, kongen i Aram, og Pekah, son til Remalja, mot Juda.
38Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Akas, son hans, vart konge etter han.