1Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, og med kamelar som bar krydder, ei mengd gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta.
2Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar.
3No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,
4rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, og skjenkjarsveinane og kleda deira, og troppa som førte opp til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring
5og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!
6Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg.
7Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!
8Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»
9Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.
10Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå.
11Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før.
12Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det ho fekk fordi ho hadde hatt med seg gåver til kongen. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
13Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.
14Til det kom avgiftene frå kjøpmenn og handelsmenn som førte inn varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.
15Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull.
16Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
17Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
18Kongsstolen hadde seks troppesteg og ein fotskammel av gull, som var fastgjord til han. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver.
19På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
20Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
21For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
22Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.
23Frå alle verdsens kantar kom det kongar og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.
24Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.
25Salomo hadde fire tusen stallrom for hestar og stridsvogner og tolv tusen hestfolk. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.
26Han rådde over alle kongane frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.
27Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.
28Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
29Det som elles er å seia om Salomo, frå fyrst til sist, det står skrive i boka åt profeten Natan, i profetiane åt Akia frå Sjilo og i synene åt sjåaren Iddo om Jeroboam Nebatsson.
30I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
31Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.