2 Chronicles 10NO1978NN

1Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.

2Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var då i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo; men no kom han heim att derifrå.

3Dei sende bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel til Rehabeam og sa:

4«Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»

5Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.

6Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»

7Dei sa: «Syner du deg venleg mot dette folket, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»

8Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.

9«Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.»

10Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min.

11Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

13Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,

14men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15Kongen høyrde ikkje på folket. Gud laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.

16Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret: «Kva del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, ¬for ditt eige hus!» Så fór alle israelittane heim att.

17Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.

18Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.

19Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.