2 Chronicles 11NO1978NN

1Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna riket att for Rehabeam.

2Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:

3«Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:

4Så seier Herren: De skal ikkje dra opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde om og gjekk ikkje mot Jeroboam.

5Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda om til festningsbyar.

6Såleis bygde han Betlehem, Etam, Tekoa,

7Bet-Sur, Soko, Adullam,

8Gat, Maresja, Sif,

9Adorajim, Lakisj, Aseka,

10Sora, Ajjalon og Hebron. Alle desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.

11Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar i dei og samla rikeleg med mat, olje og vin der.

12I kvar by hadde han skjold og spyd. På den måten gjorde han dei svært sterke, så han kunne halda fast på Juda og Benjamin.

13Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle bygdene sine og gav seg under Rehabeam.

14Levittane drog bort frå jordene og eigedomane sine og flytte til Juda og Jerusalem, fordi Jeroboam og sønene hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren.

15Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.

16Og med prestane og levittane fylgde det or alle Israels-ættene folk som la vinn på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og ville ofra til Herren, sine fedrars Gud.

17Dei styrkte kongedømet i Juda og trygde riket for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For så lenge fylgde dei i Davids og Salomos fotefar.

18Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot Davidsson og Abihajil, dotter til Eliab Isaison.

19Med henne fekk han sønene Je’usj, Sjemarja og Saham.

20Sidan tok han Ma’aka Absalomsdotter til kone. Med henne fekk han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.

21Rehabeam heldt meir av Ma’aka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og fylgjekonene sine. For han hadde teke seg atten koner og seksti fylgjekoner og fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.

22Rehabeam sette Abia, son til Ma’aka, til hovding og førar mellom brørne; for han var meint på å gjera han til konge.

23Men samstundes var han så klok at han lét alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han sytte for at dei hadde flust med mat og lét dei få mange koner.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.