2 Chronicles 8NO1978NN

1Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og sitt eige hus,

2bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittane busetja seg der.

3Så drog han til Hamat-Soba og tok byen.

4Han bygde opp Tadmor i øydemarka og alle byane med lagerhus som han grunnla i Hamat.

5Like eins bygde han opp Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon og gjorde dei til festningsbyar med murar, portar og bommar.

6Elles bygde Salomo Ba’alat og alle byane der han hadde lagerhus, og alle dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.

7Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til,

8etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde rudt dei ut, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.

9Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket.

10Arbeidsformennene åt kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.

11Salomo lét dotter til farao flytta frå Davids-byen opp til det huset han hadde bygt åt henne. Han sa: «Det må ikkje bu ei kvinne i huset åt David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»

12Den gongen bar Salomo fram brennoffer for Herren på det altaret han hadde bygt åt han framfor forhalla.

13Kvar dag bar han fram dei offera som Moses hadde påbode, på sabbatane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga.

14Etter den føresegn som David, far hans, hadde gjeve, sette han prestane til å gjera teneste i skift, levittane til å ta seg av si oppgåve, å styra lovsongen og hjelpa prestane etter som det trongst for kvar dag, og dørvaktarane til å stå ved portane kvar sin gong. For så hadde David, gudsmannen, skipa det.

15Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode om prestane og levittane; så var det òg når det galdt skattkammera.

16Så var då heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig, heile templet.

17På den tid fór Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg i Edom, nedmed havet.

18Hiram sende nokre av mennene sine til han med skip og sjøvane folk. Saman med mennene åt Salomo fór dei til Ofir; der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.