2 Chronicles 26NO1978NN

1Så tok heile Juda-folket og gjorde Ussia, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.

2Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.

3Ussia var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.

4Ussia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.

5Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på syner frå Gud. Og så lenge han søkte Herren, lét Gud allting lukkast for han.

6Ussia drog i hærferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar i Asjdod-bygda og andre stader i Filistarlandet.

7Gud hjelpte han mot filistarane, mot dei arabarane som budde i Gur-Ba’al og mot me’unittane.

8Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han fekk større og større makt.

9Ussia bygde tårn i Jerusalem, ved Hjørneporten og Dalporten og ved Kroken. Såleis gjorde han desse stadene sterke.

10I øydemarka bygde han òg tårn og hogg ut mange brunnar; for han hadde mykje fe både i Sjefela og på høgsletta. Og han heldt arbeidsfolk som dyrka jorda og stelte vintrea på fjella og i hagane; for jordbruket låg han på hjarta.

11Ussia hadde ein stridsbudd hær, som drog ut i krig i flokkar som var mønstra og talde av riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.

12Dei ættehovdingane som var djerve stridsmenn, var 2 600 i talet.

13Under dei stod det ei hærmakt på 307 500 mann, som gjekk i striden med mot og makt til å hjelpa kongen mot fienden.

14Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.

15I Jerusalem fekk han laga kunstferdig uttenkte krigsmaskinar, som skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Og gjetordet om han nådde vide ikring; for han fekk hjelp på underfull vis, så makta hans vart stor.

16Men då han hadde fått slik makt, vart hjarta hans så fullt av hovmod at han bar seg ille åt og sveik Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens heilagdom og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.

17Men Asarja, presten, fylgde etter han og hadde med seg åtti andre av Herrens prestar, uredde menn.

18Dei steig fram mot kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Arons-sønene, som er vigde til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hjå Herren din Gud.»

19Då vart Ussia arg. Han stod alt med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men med det same han vart arg på prestane, braut det ut på panna hans ein hudsjukdom som gjorde han urein der han stod framfor prestane, attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.

20Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, fordi Herren hadde råma han.

21Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.

22Det som elles er å seia om Ussia, frå fyrst til sist, det har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp.

23Ussia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og dei gravla han på marka utanfor gravstaden åt kongane. For dei sa: «Han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.» Jotam, son hans, vart konge etter han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.