2 Chronicles 25NO1978NN

1Amasja var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.

2Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje med eit heilt hjarta.

3Så snart han hadde fått kongedømet fast i si hand, drap han dei hoffmennene som hadde slege i hel far hans, kongen.

4Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg etter det som står skrive i Mose lovbok, der Herren har gjeve dette påbodet: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.

5Sidan samla Amasja folket i Juda og stelte dei opp, ættgrein for ættgrein, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra dei, så mange som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsmenn som kunne bruka spyd og skjold.

6Dessutan leigde han i Israel hundre tusen djerve krigarar for hundre talentar sølv.

7Då kom ein gudsmann til han og sa: «Lat ikkje Israels-hæren dra med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel, ikkje med nokon av Efraims-sønene.

8Men du skal dra ut og gå modig i striden! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»

9Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til hærflokken frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»

10Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Israel, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på Juda-mennene og fór av stad i fullt sinne.

11Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se’ir.

12Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman.

13Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang.

14Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se’ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei.

15Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet som sa til han: «Kvifor spør du gudane åt dette folket til råds, dei som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

16Men då profeten tala såleis til Amasja, sa han: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp med dette! Elles kan du verta ihelslegen.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å tyna deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»

17Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.

18Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.

19Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»

20Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.

21Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.

22Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.

23Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.

24Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.

25Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.

26Det som elles er å seia om Amasja, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.

27Etter at Amasja fall frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.

28Så køyrde dei han derifrå med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.