1Joasj var sju år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’er-Sjeba.
2Joasj gjorde det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada levde.
3Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.
4Då det leid av ei tid, sette Joasj seg føre å vøla Herrens hus.
5Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå heile Israel til å setja i stand huset åt dykkar Gud etter som det trengst år om anna. De må skunda dykk å gjera det!» Men levittane skunda seg ikkje.
6Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til lovteltet som Moses, Herrens tenar, og Israels-lyden har fastsett?
7For den gudlause Atalja og sønene hennar har gjort stor skade på Guds hus og har jamvel teke dei heilage tinga i templet og nytta dei til Ba’al-gudane.»
8Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.
9Og det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at folket skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i øydemarka.
10Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket, og dei kom med pengane og kasta dei i kista til ho var full.
11Då bar levittane henne inn til embetsmennene åt kongen. Og kvar gong dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett inn, og tømde henne. Så tok dei og sette henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar.
12Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å setja huset i stand og jern- og koparsmedar til å vøla det.
13Arbeidsfolket gjekk til verket, og arbeidet hadde god framgang under hendene deira. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.
14Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga reiskapar til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, og skåler og kar av gull og sølv. Sidan bar dei støtt fram brennoffer i Herrens hus, så lenge Jojada levde.
15Jojada vart gamal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år då han døydde.
16Dei gravla han i Davids-byen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel, for Gud og huset hans.
17Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.
18Så gav dei opp huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. For det brotet skuld kom Guds vreide over folket i Juda og Jerusalem.
19Herren sende dei profetar som skulle føra dei attende til han. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.
20Då kom Guds Ande over Sakarja, son til presten Jojada. Og han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? På den måten går det dykk aldri vel. De har vendt dykk frå Herren; difor vender han seg frå dykk.»
21Men dei svor seg saman mot han og steina han i føregarden til Herrens hus. Kongen baud dei gjera så.
22Så lite kom kong Joasj i hug den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde vist han, at han drap son hans. Men Sakarja ropa med det same han døydde: «Herren ser det og skal hemna det!»
23Då året var ute, gjorde aramearane ei hærferd mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og rudde ut alle stormennene i folket. Alt hærfanget dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.
24Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær, fordi folket i Juda hadde gått bort frå Herren, sin fedregud. Såleis vart straffedomen over Joasj sett i verk.
25Då aramearane drog bort frå han og lét han liggja att i svær liding, svor tenarane hans seg saman mot han, fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Og dei drap han der han låg. Såleis døydde Joasj. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene.
26Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit frå Moab.
27Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda som vart tala mot han, og atterreisinga av Guds hus er det skrive i sogeverket om kongane. Amasja, son hans, vart konge etter han.