2 Chronicles 27NO1978NN

1Jotam var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.

2Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort, så nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens tempel. Men folket heldt fram med å gjera det som vondt var.

3Det var Jotam som bygde Øvre-porten i Herrens hus, og han arbeidde mykje på Ofel-muren.

4Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane.

5Han førte krig mot ammonittane og kongen deira og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året.

6Såleis vann Jotam stor makt, fordi han støtt ferdast for Herren sin Guds åsyn.

7Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han tok seg føre, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

8Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år.

9Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Akas, son hans, vart konge etter han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.