1 Samuel 9NO1978NN

1Kisj heitte ein mann av Benjamins-ætta. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiak, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann.

2Han hadde ein son som heitte Saul, ein ung og fager mann. Det fanst ingen i Israel som var fagrare enn han, og han var eit hovud høgare enn alt folket.

3Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestgutane, og gå av stad og leita etter eselhoppene!»

4Dei fór over Efraims-heiane og gjennom Sjalisja-bygda, men fann dei ikkje. Så fór dei gjennom Sja’alim-bygda, men esla var ikkje der heller. Sidan fór dei gjennom Benjamins-landet, men fann dei ikkje.

5Då dei kom til Suf-bygda, sa Saul til tenestguten som var med han: «Kom, lat oss fara heim att, elles kunne far verta meir illhuga for oss enn for esla.»

6Men tenestguten svara: «I byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord av. Alt det han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»

7Så sa Saul til tenestguten: «Ja, men om vi går dit, kva skal vi så ha med til mannen? Brødet i skreppene våre er ende, og vi har inga gåve vi kan by gudsmannen. Kva har vi vel med oss?»

8Tenestguten tok til ords att og sa til Saul: «Sjå, her har eg ein kvart sekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal ta.»

9Før i tida sa dei i Israel når dei skulle av og spørja Gud til råds: «Kom, lat oss gå til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei før i tida sjåar. –

10Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var.

11Då dei gjekk opp bakken som førte til byen, møtte dei nokre jenter som kom ut og skulle henta vatn, og spurde dei: «Er sjåaren her?» –

12Jentene svara: «Ja, han er beint framføre dykk. Skunda dykk, no er han komen til byen, for i dag held folket ei offerhøgtid på haugen.

13Når de kjem inn i byen, finn de han før han går opp på haugen til måltidet. Folket et ikkje før han kjem, for det er han som velsignar offeret. Fyrst då tek gjestene til å eta. Gå berre opp, for no råkar de han.»

14Så gjekk dei opp til byen, og med det same dei kom inn i byen, kom Samuel imot dei; han var på veg opp til offerhaugen.

15Men dagen før Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt:

16«I morgon på denne tid sender eg til deg ein mann frå Benjamins-landet; han skal du salva til fyrste over Israel, folket mitt. Han skal frelsa folket mitt frå filistarveldet; for eg har sett kor vondt folket mitt har det, og naudropa deira har nått opp til meg.»

17Då Samuel fekk auga på Saul, sa Herren til han: «Sjå, der er den mannen som eg tala til deg om. Han skal styra folket mitt.»

18Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Gjer vel og sei meg kvar sjåaren bur!»

19Samuel svara: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. Så kan du fara i veg att i morgon, og då skal du få greie på alt det du gjerne vil vita.

20Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera redd for; dei er komne til rettes. Kva er det heile Israel ynskjer seg? Er det ikkje deg og farsætta di?»

21Saul svara: «Men eg er berre ein benjaminitt, frå ei av dei minste ættene i Israel! Og ættgreina mi er den ringaste av alle ættgreiner i Benjamin. Kvifor talar du då såleis til meg?»

22Men Samuel tok Saul og tenestguten hans og førte dei inn i halla. Han lét dei setja seg øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der.

23Så sa han til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg ta vare på.»

24Då tok kokken opp lårstykket og feitthalen og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne høgtida som eg har kalla folket saman til.» Så åt då Saul i lag med Samuel den dagen.

25Sidan gjekk dei ned av haugen og inn i byen, og han sat og tala med Saul på taket.

26Tidleg om morgonen, med det same det tok til å dagast, stod dei opp, og Samuel ropa til Saul oppe på taket: «Stå opp, så skal eg fylgja deg på veg.» Saul stod opp, og dei gjekk ut i lag, han og Samuel.

27Då dei kom til utkanten av byen, sa Samuel til Saul: «Sei til tenestguten din at han skal fara føre.» Tenestguten gjekk, og Samuel sa: «Stogga du her, så skal du få høyra kva Gud har sagt.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.