1 Samuel 8NO1978NN

1Då Samuel vart gamal, sette han sønene sine til domarar i Israel.

2Den eldste heitte Joel og den yngste Abia. Dei styrte og dømde i Be’er-Sjeba.

3Men sønene fylgde ikkje i hans fotefar. Dei søkte urett vinning, tok muter og rengde retten.

4Då samla dei seg, alle dei eldste i Israel, og kom til Samuel i Rama

5og sa til han: «No er du gamal, og sønene dine fylgjer ikkje i dine fotefar. Set difor ein konge over oss til å styra oss! Det har då alle dei andre folka.»

6Samuel tykte det var ille at dei sa: «Set ein konge over oss, som kan styra oss!» Og han bad til Herren.

7Men Herren sa til han: «Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.

8Det har dei alltid gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt, og til denne dag. Dei har gått bort frå meg og dyrka andre gudar. Og såleis fer dei åt mot deg òg.

9Gjer no som dei vil! Men fyrst må du åtvara dei alvorleg og la dei få vita kva rett han kjem til å få, den kongen som skal rå over dei!»

10Då tala Samuel til folket som kravde ein konge av han, og la fram for dei alt det Herren hadde sagt.

11Han sa: «Desse rettane kjem han til å ha, den kongen som skal rå over dykk: Sønene dykkar tek han og set til å gjera teneste ved vognene og hestane sine, og dei må springa framfor vogna hans.

12Han set dei til hovdingar over fylkingar på tusen og på femti, til å pløya åkrane og hausta inn avlinga hans og til å laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene hans.

13Døtrene dykkar set han til å laga salvar og til å koka og baka.

14Dei beste jordene, vingardane og olivenhagane dykkar tek han og gjev mennene sine.

15Av åkrane og vingardane dykkar tek han tiend og gjev hoffmennene og tenarane sine.

16Trælane og trælkvinnene dykkar, den beste ungdomen og esla dykkar tek han og brukar i si eiga teneste.

17Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de træla for han.

18Då skal de ein dag ropa til Herren på grunn av kongen som de har valt dykk. Men Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»

19Men folket ville ikkje høyra på Samuel. «Nei,» sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.

20Vi vil ha det som alle dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; og han skal gå framfor oss og føra oss når vi er i krig.»

21Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for Herren.

22Og Herren sa til Samuel: «Gjer som dei vil, og set ein konge over dei!» Då sa Samuel til israelittane: «Far heim att, kvar til sin by!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.