1 Samuel 10NO1978NN

1Så tok Samuel ei krukke med olje og rende ut over hovudet hans og kyste han og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin.

2Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsak i Benjamins-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du har vore på leit etter, er komne til rettes. Far din tenkjer ikkje meir på dei, men no er han illhuga for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min?

3Når du held fram derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel, der dei vil tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre brød og den tredje ei hit med vin.

4Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.

5Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød.

6Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.

7Når du ser desse teikna, så gjer berre det som kjem for deg! For Gud er med deg.

8Far føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og bera fram brennoffer og måltidsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier kva du skal gjera.»

9Så bad Saul farvel med Samuel og gjekk sin veg. Då gav Gud han eit anna hjarta, og same dagen hende alt det som Samuel hadde varsla.

10På vegen til Gibea møtte han ein flokk profetar. Då kom Guds Ande over han, og han vart gripen av profetisk glød midt imellom dei.

11Alle som kjende han frå før, såg at han tala profetisk saman med profetane, og dei sa til kvarandre: «Kva er det som har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»

12Ein mann der på staden sa: «Kven er då far til desse?» Såleis kom det ordtaket opp: «Er Saul òg mellom profetane?»

13Då den profetiske gløden hadde sige av Saul, og han kom til offerhaugen i Gibea,

14sa farbror hans til han og tenestguten hans: «Kvar har de vore?» Han svara: «Vi har vore av og leita etter eselhoppene, og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»

15Då sa farbroren: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.»

16Saul svara: «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rettes.» Men det som Samuel hadde sagt om kongedømet, nemnde han ikkje for farbroren.

17Sidan kalla Samuel folket saman til Herren, i Mispa.

18Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå egyptarveldet og frå alle dei andre rika som trælka dykk.

19Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og sagt: Nei, du skal setja ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens åsyn, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein!»

20Så lét Samuel alle Israels ætter stiga fram, og med loddkasting vart Benjamins-ætta utteken.

21Så lét han Benjamins-ætta koma fram, grein for grein, og Matri-greina vart utteken. Sidan fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.

22Då vende dei seg til Herren att og spurde: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg mellom føringsvognene.»

23Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.

24Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Då jubla heile folkemengda og sa: «Leve kongen!»

25Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok, som han la ned for Herrens åsyn. Sidan bad han farvel med folket, og dei fór heim, kvar til sitt.

26Saul fór òg heim til Gibea, og med han fylgde det nokre stridsmenn, som Gud hadde skote det i hugen på.

27Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Og dei vanvørde han og kom ikkje med hyllingsgåve til han. Men han lest ikkje merka det.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.