1 Corinthians 6NO1978NN

1Når ein av dykk har sak mot ein bror, korleis kan han då våga å leggja henne fram for heidningar og ikkje for dei heilage?

2Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker?

3Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera.

4Men når de har slike saker, korleis kan de då setja folk som kyrkjelyden ser ned på, til domarar?

5De skulle skjemmast! Finst det ikkje eit einaste vitug menneske hjå dykk som kan skifta rett mellom brørne sine?

6Nei, bror fører sak mot bror, og det for vantruande domarar.

7Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap?

8Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør.

9Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette,

10korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.

11Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.

12Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.

13Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen.

14Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.

15Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå!

16Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: «Dei to skal vera eitt.»

17Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han.

18Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp.

19Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne:

20De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.