1 Corinthians 7NO1978NN

1Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.

2Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.

3Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen.

4Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona.

5Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande.

6Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod.

7Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så.

8Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei vert verande som eg.

9Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.

10Dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin.

11Men om ho skil seg, skal ho leva ugift, eller semjast med mannen. Og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.

12Til dei andre seier eg – dette er mine ord, ikkje Herrens: Om ein kristen bror har ei vantruande kone, og ho samtykkjer i å bu saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.

13Og om ei kone har ein vantruande mann, og han samtykkjer i å bu saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.

14For den vantruande mannen vert helga ved kona, og den vantruande kona vert helga ved mannen fordi han er ein kristen bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.

15Men vil den vantruande skilja seg, så lat han gjera det. I slike høve er ikkje ein kristen mann eller ei kristen kone bundne. Gud har kalla oss til fred.

16For kva veit du, kone, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?

17Elles bør kvar og ein halda fram der Herren har sett han i livet, der han var då Gud kalla han. Denne føresegna gjev eg i alle kyrkjelydane.

18Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje gjera noko med det. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera.

19Det har ikkje noko å seia om ein er omskoren eller ikkje, men om ein held Guds bod.

20Kvar og ein skal verta verande i det kall han hadde då han vart kalla.

21Var du træl då du vart kalla? Ta ikkje det så tungt! Men kan du verta fri, så vel heller det.

22For den som var træl då Herren kalla han, han er Herrens frigjevne. På same måte har den som var fri mann då han vart kalla, vorte Kristi træl.

23De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.

24Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud.

25Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru.

26På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift.

27Er du bunden til ei kone, så prøv ikkje å verta fri. Er du ikkje bunden, så prøv ikkje å finna deg ei kone.

28Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som det gjer, kjem til å møta mange vanskar, og eg ville gjerne spara dykk.

29Men det seier eg dykk, brør: Tida er kort. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde,

30dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje åtte det,

31og dei som brukar det som er i verda, som om dei ikkje bruka det. For denne verda, slik ho er, går under.

32Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad.

33Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad;

34og så vert hugen delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsut for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på lekam og sjel. Men den gifte kvinna har omsut for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera mannen til hugnad.

35Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje setja ei snare for dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast til Herren utan at noko dreg dykk bort.

36Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.

37Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og har teke den avgjerda å la jenta vera som ho er, han gjer vel i det.

38Så gjer den rett som gifter seg med jenta si, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.

39Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren.

40Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg trur at eg òg har Guds Ande.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.