1 Corinthians 5NO1978NN

1Beint ut sagt: Ein høyrer om hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje eingong vert tolt hjå heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.

2Og de er hovmodige! De skulle heller syrgja, så den som har gjort dette, kunne verta utstøytt ifrå dykk.

3For eg, som er fråverande med lekamen, men hjå dykk i ånda, eg har alt felt domen over den skuldige, som om eg var til stades:

4De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.

5Då skal denne mannen overgjevast til Satan og lekamen hans verta øydelagd, så ånda kan verta frelst på Herrens dag.

6De har sanneleg ikkje mykje å rosa dykk av! Veit de ikkje at litt surdeig syrer heile deigen?

7Reinsa ut den gamle surdeigen, så de kan vera ein ny deig! De er då som usyrt brød. For vårt påskelam er slakta, Kristus.

8Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.

9I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha noko å gjera med folk som lever i hor.

10Då meinte eg ikkje alle som driv hor her i verda, heller ikkje dei pengekjære, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut or denne verda.

11Det eg meinte, var at de ikkje skal ha samkvem med nokon som vert kalla kristen bror, men er ein horkar, havesjuk, avgudsdyrkar, spottar, drikkar eller ransmann. Eit slikt menneske skal de heller ikkje eta i lag med.

12Kva har vel eg med å døma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor de skal døma?

13Dei som står utanfor, skal Gud døma. Så støyt då den vonde ut ifrå dykk!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.