1Benjamin fekk fem søner. Den eldste heitte Bela, den andre Asjbel, den tredje Akrak,
2den fjerde Noka og den femte Rafa.
3Bela hadde sønene Addar, Gera, Abihud,
4Abisjua, Na’aman, Akoak,
5Gera, Sjefufan og Huram.
6Sønene til Ehud, som var ættehovdingar for folket i Geba, vart bortførte til Manahat.
7Det var Na’aman, Akia og Gera som førte dei dit. Desse sønene til Ehud var Ussa og Akihud.
8Sjaharajim fekk born i Moab-landet etter at han hadde sendt frå seg konene Husjim og Ba’ara.
9Med Hodesj, kona si, fekk han sønene Jobab, Sibja, Mesja, Malkam,
10Jeus, Sokja og Mirma. Dette var sønene hans, og dei var ættehovdingar.
11Med Husjim fekk han Abitub og Elpa’al.
12Sønene til Elpa’al var Eber, Misjam og Sjemer. Det var han som bygde Ono og Lod med landsbyane som høyrde til.
13Beria og Sjema var ættehovdingar for folket i Ajjalon. Dei vann over Gat-buane og dreiv dei bort.
14Akjo, Sjasjak, Jeremot,
15Sebadja, Arad, Eder,
16Mikael, Jisjpa og Joka var sønene til Beria.
17Sebadja, Mesjullam, Hiski, Heber,
18Jisjmerai, Jislia og Jobab var sønene til Elpa’al.
19Jakim, Sikri, Sabdi,
20Elienai, Silletai, Eliel,
21Adaja, Beraja og Sjimrat var sønene til Sjimi.
22Jisjpan, Eber, Eliel,
23Abdon, Sikri, Hanan,
24Hananja, Elam, Antotia,
25Jifdeja og Peniel var sønene til Sjasjak.
26Sjamsjerai, Sjeharja, Atalja,
27Ja’aresja, Elia og Sikri var sønene til Jeroham.
28Alle desse var ættehovdingar, hovdingar for kvar si ætt; dei budde i Jerusalem.
29I Gibeon budde far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka.
30Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Nadab,
31Gedor, Akjo og Seker.
32Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne.
33Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al.
34Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika.
35Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.
36Akas fekk sonen Joadda, og Joadda vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,
37og Mosa fekk Bina. Hans son var Rafa, hans son Elasa og hans son Asel.
38Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.
39Sønene til Esjek, bror hans, var Ulam, den eldste, Je’usj, den andre, og Elifelet, den tredje.
40Sønene til Ulam var djerve krigarar og bogeskyttarar. Dei hadde mange søner og sonesøner, hundre og femti i talet. Alle desse var av Benjamins-ætta.