1 Chronicles 7NO1978NN

1Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron.

2Sønene til Tola var Ussi, Refaja, Jeriel, Jakmai, Jibsam og Samuel. Dei var hovdingar for Tola-ættene og djerve krigarar. På Davids tid var dei, etter ættelistene deira, tjueto tusen seks hundre i talet.

3Sonen til Ussi var Jisrakja og sønene til Jisrakja Mikael, Obadja, Joel og Jisjia; alle fem var dei ættehovdingar.

4Til kvar ætt høyrde, etter ættelistene deira, flokkar av krigarar, trettiseks tusen; for dei hadde mange koner og born.

5Brørne deira i alle Jissakars-ættene var òg djerve krigarar. I alt stod det åttisju tusen mann i ættelistene deira.

6Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.

7Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i talet. Dei var ættehovdingar og djerve krigarar. I ættelistene deira stod det tjueto tusen og trettifire mann.

8Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker.

9I ættelistene deira stod det tjue tusen to hundre mann, ættehovdingar og djerve krigarar.

10Sonen til Jediael var Bilhan, og sønene hans var Je’usj, Benjamin, Ehud, Kena’ana, Setan, Tarsis og Akisjahar.

11Alle desse var sønene til Jediael, ættehovdingar og djerve krigarar, sytten tusen to hundre mann som var budde til å fara i hærferd.

12Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aker.

13Sønene til Naftali var Jaksiel, Guni, Jeser og Sjallum; dei var sønene hennar Bilha.

14Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead.

15Makir tok ei syster åt Huppim og Sjuppim til kone; ho heitte Ma’aka. Den andre sonen heitte Selofhad. Han hadde berre døtrer.

16Ma’aka, kona til Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.

17Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.

18Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho fekk sønene Isjhod, Abieser og Makla.

19Sønene til Sjemida var Akjan, Sikem, Likhi og Aniam.

20Son til Efraim var Sjutelak, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham

21og hans son Sabad. Forutan Sjutelak hadde Efraim sønene Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, då dei kom dit ned og ville rana feet deira.

22Efraim, far deira, syrgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.

23Sidan låg han med kona si, og ho vart med barn. Ho fekk ein son og kalla han Beria, fordi dette hende medan det var ulukke i huset.

24Dotter hans heitte Sje’era. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sje’era.

25Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,

26hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama,

27hans son Nun og hans son Josva.

28Dei byane som Efraims-sønene åtte og budde i, var Betel med landsbyane som høyrde til, og i aust Na’aran, i vest Geser med landsbyar, og så Sikem med landsbyar, heilt til Ajja og landsbyane der ikring.

29Sønene til Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Ta’anak, Megiddo og Dor, alle med landsbyar ikring. I desse byane budde etterkomarane etter Josef, son til Israel.

30Sønene til Asjer var Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah.

31Sønene til Beria var Heber og Malkiel, han som var far til Birsajit.

32Heber fekk sønene Jaflet, Sjomer og Hotam, og syster deira var Sjua.

33Sønene til Jaflet var Pasak, Bimhal og Asjvat. Det var Jaflet-sønene.

34Sønene til Sjomer var Aki, Rohga, Jehubba og Aram.

35Sønene til Helem, bror hans, var Sofah, Jimna, Sjelesj og Amal.

36Sønene til Sofah var Suah, Harnefer, Sjual, Beri, Jimra,

37Beser, Hod, Sjamma, Sjilsja, Jitran og Be’era.

38Sønene til Jeter var Jefunne, Pispa og Ara.

39Og sønene til Ulla var Arah, Hanniel og Risja.

40Alle desse var sønene til Asjer, ættehovdingar, utvalde og djerve krigarar, hovdingar mellom fyrstane. I ættelistene deira stod det tjueseks tusen mann som var skikka til krigsteneste.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.