1Såleis vart alle israelittar innførte i ættelister, og dei er oppskrivne i boka om Israels-kongane. Folket i Juda vart bortført til Babylonia fordi det hadde bore seg trulaust åt.
2Dei fyrste som slo seg ned i byane og tok over eigedomane deira, var vanlege israelittar og prestar, levittar og tempeltenarar.
3I Jerusalem budde nokre av Juda-sønene, av Benjamins-sønene og av Efraims- og Manasse-sønene.
4Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda;
5av Sjela-sønene: Asaja, den eldste, og sønene hans;
6av Serah-sønene: Je’uel; brørne deira var i alt seks hundre og nitti mann;
7av Benjamins-sønene: Sallu, son til Mesjullam, son til Hodavja, son til Hassenua,
8og Jibneja, son til Jeroham, og Ela, son til Ussi, son til Mikri, og Mesjullam, son til Sjefatja, son til Re’uel, son til Jibnia,
9og brørne deira, ætt for ætt, ni hundre og femtiseks i talet; alle desse mennene var hovdingar i ættgreinene sine.
10Av prestane: Jedaja, Jojarib, Jakin,
11Asarja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, son til Akitub, som var den øvste i Guds hus,
12Adaja, son til Jeroham, son til Pasjkur, son til Malkia, og Masai, son til Adiel, son til Jaksera, son til Mesjullam, son til Mesjillemot, son til Immer,
13og brørne deira; dei var alle hovdingar i ættgreinene sine, eitt tusen sju hundre og seksti i talet, menn som dugde vel til å gjera teneste i Guds hus.
14Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, ein av Merari-sønene,
15og Bakbakkar, Heresj, Galal og Mattanja, son til Mika, son til Sikri, son til Asaf,
16og Obadja, son til Sjemaja, son til Galal, son til Jedutun, og Berekja, son til Asa, son til Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-mennene.
17Portvaktarane var: Sjallum, Akkub, Talmon, Akiman og brørne deira; Sjallum var den øvste av dei.
18Dei står framleis ved Kongeporten, på austsida. Det er dei som held vakt i levittleirane.
19Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.
20Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han.
21Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra.
22Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.
25Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.
26Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med.
27Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.
28Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.
29Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen.
30Men det var nokre av prestane som laga salve av balsamen.
31Mattitja, ein av levittane, eldste son til Sjallum av Korah-ætta, var tiltrudd å ta seg av bakverket.
32Og nokre av brørne deira frå Kehat-ætta hadde ansvaret for skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat.
33Så var det tempelsongarane, ættehovdingar hjå levittane. Dei heldt til i sideroma; for dei laut gjera teneste dag og natt.
34Dette var ættehovdingane hjå levittane, innførte som hovdingar i ættelistene. Dei budde i Jerusalem.
35I Gibeon budde Je’uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka.
36Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Ner, Nadab,
37Gedor, Akjo, Sakarja og Miklot.
38Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne.
39Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al.
40Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika.
41Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.
42Akas fekk sonen Jara, og Jara vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,
43og Mosa fekk Bina. Hans son var Refaja, hans son Elasa og hans son Asel.
44Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.