Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ezekiel 41

:
Norwegian - SMB
1 So let han meg koma til tempelsalen. Og han mælte stolparne: seks alner breide den eine sida og seks alner hi; det er breiddi tjeldbudi.
2 Og dørgapet var ti alner breidt, og sideveggjerne innmed døri var fem alner kvar sida. So mælte han lengdi det: fyrti alner, og breiddi: tjuge alner.
3 Sidan gjekk han inn i det inste romet. Og han mælte dørstolparne: tvo alner kvar, og døri: seks alner, og breiddi døri: sju alner.
4 Og han mælte lengdi det: tjuge alner, og breiddi: tjuge alner, beint innåt templet! So sagde han med meg: «Dette er det høgheilage.»
5 So mælte han husveggen: seks alner, og breiddi sidekovarne: fire alner, rundt ikring heile huset.
6 Og sidekovarne låg, kove attmed kove, i tri høgder, tretti i rad, og dei rakk inni den muren som huset hadde mot sidekovarne rundt ikring, so dei hadde studnad. Men dei studde seg ikkje i sjølve husveggen.
7 Og viddi rundt ikring auka for sidekovarne uppetter og uppetter; for hussvali gjekk uppetter og uppetter rundt kringum huset. Difor vidkast huset uppetter, og soleis steig ein upp frå nedste høgdi gjenom den millomste til den høgste.
8 Og eg såg at huset låg ein pall som nådde rundt ikring, og grunnvollarne åt sidekovarne var ei full stong, seks alner til kanten.
9 Tjukkleiken utveggen åt sidekovarne var fem alner. Og romet millom sidekovarne huset
10 og hine kovarne hadde ei vidd tjuge alner kringum huset, rundt ikring.
11 Og inngangarne til sidekovarne låg ut åt dette romet, ein inngang i nord og ein i sud. Og breiddi romet som var att, var fem alner breidt rundt ikring.
12 Og den bygnaden som låg innmed det fråskilde tunet vestsida, var sytti alner breid, og veggen bygnaden var fem alner tjukk, rundt ikring, og nitti alner lang.
13 Og han mælte huset: hundrad alner langt, og det fråskilde tunet og bygnaden med vegg: hundrad alner lange.
14 Og framsida huset og det fråskilde tunet mot aust var hundrad alner breidd.
15 So mælte han lengdi den bygnaden som låg baksida innmed det fråskilde tunet, og svalerne båe sidor åt bygnaden: hundrad alner. Likeins det indre templet og hallerne i fyregarden,
16 dørstokkarne og vindaugo med dei faste grindar og svalerne rundt ikring i deira tri høgder, romi innmed dørstokken, som var klædde med tre, rundt ikring, likeins høgdi frå jordi upp åt vindaugo. Og attfyre vindaugo var det lemmar.
17 Uppyver døri, både inn imot det indre romet og utetter, og elles utyver heile veggen, innan og utan, var det utmælte bolkar.
18 Og der var det gjort kerubar og palmor, so at det var ei palma millom tvo kerubar, kvar kerub hadde tvo andlit;
19 eit mannsandlit mot palma den eine sida og eit ungløve-andlit mot palma hi. So var gjort heile huset rundt ikring.
20 Frå jordi til uppyver døri var kerubar og palmor gjorde, slik var tempelveggen.
21 Templet hadde firkanta dørskier, og framsida heilagdomen såg like eins ut.
22 Og altaret var av tre, tri alner høgt og tvo alner langt, og det hadde hyrno sine, og langsida og veggjerne var av tre. Og han tala til meg: «Dette er bordet som stend framfor Herrens åsyn.»
23 Og templet og heilagdomen hadde tvo dører.
24 Og dørerne var tvihurda, kvar hurd med gangjarn; tvihurda var den eine og tvihurda var den andre.
25 Og deim, tempeldørerne, var det gjort kerubar og palmor likeins som veggjerne. Og det var eit vartak av tre framsida åt forhalli utantil.
26 Og det var vindaugo med fast grind og palmor sideveggjerne åt forhalli, båe sidor, likeins sidekovarne i huset og vartaki.