Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ezekiel 40

:
Norwegian - SMB
1 I det fem og tjugande året etter me vart burtførde, ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter byen vart teken - nett den dagen kom Herrens hand yver meg, og han førde meg dit burt.
2 I syner frå Gud førde han meg til Israelsland. Og han sette meg ned eit ovhøgt fjell, og uppå det var det liksom ein uppbygd by i sud.
3 Og han førde meg dit burt. Og sjå, der var det ein mann, og han var sjåande til mest som kopar, og han heldt eit linsnøre i handi og ei mælestong. Og han stod i porten.
4 Og mannen tala til meg: «Menneskjeson! Sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine og hugfest alt det eg syner deg! For du er førd hit so eg kann syna deg det. Kunngjer for Israels-lyden alt det du ser!»
5 Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Og mannen heldt mælestongi i handi, ho var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln. Og han mælte breiddi muren: ei stong, og høgdi: ei stong.
6 So kom han åt ein port som snudde i aust, og han steig uppetter troppestigi. Og han mælte ein dørstokk i porten: ei stong breid, og so ein dørstokk til: ei stong breid.
7 Og kvart vaktrom var ei stong langt og ei stong breidt. Og millom vaktromi var det fem alner. Og dørstokken i porten innmed forhalli i porten innvendes var ei stong.
8 Han mælte forhalli i porten innvendes; ei stong.
9 Og han mælte forhalli i porten: åtte alner, og stolparne hans: tvo alner. Og forhalli i porten låg innsida.
10 Og vaktromi i porten mot aust var tri kvar sida, alle tri like store. Og stolparne båe sidorne var like store.
11 So mælte han dørviddi porten: ti alner, og lengdi porten: trettan alner.
12 Og det var ei sval ein aln framfor vaktromi, og ei sval ei aln hi sida. Og kvart vaktrom var seks alner den eine sida og seks alner hi.
13 So mælte han porten frå taket det eine vaktromet til taket hitt. Breiddi var fem og tjuge alner. Dør var mot dør.
14 Og han gjorde stolparne seksti alner. Og burtåt stolparne rakk fyregarden, med porten rundt ikring.
15 Og frå framsida inngangsporten til framsida forhalli i den indre porten var det femti alner.
16 Og det var vindaugo med fast grind fyre vaktromi og stolparne deira innantil imot porten rundt ikring, og likeins hallerne. Og soleis var det vindaugo rundt ikring innantil, og stolparne var det palmor.
17 So let han meg koma til den ytre fyregarden, og sjå, der var kovar og eit steinlagt golv i fyregarden rundt ikring. Det var tretti kovar steingolvet.
18 Og steingolvet var frammed sideveggjerne portarne, jamlangt med portlengderne; det var det lægre steingolvet.
19 Han mælte breiddi frå framsida åt den nedre porten til den ytre framsida åt den indre fyregarden: eit hundrad alner austetter og nordetter.
20 So mælte han lengdi og breiddi den porten som snudde i nord, den ytre fyregarden.
21 Den og hadde tri vaktrom kvar sida, og likeins stolpar og haller like store som i den fyrste porten; femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
22 Og vindaugo og hallerne og palmorne her var like stor som i den porten som vende i aust. Og dei steig upp i porten sju troppestig, og hallerne låg framanfor deim.
23 Og ein port til den indre fyregarden var der midt imot porten i nord og i aust, og han mælte eit hundrad alner frå ein port til hin.
24 So let han meg ganga sudetter, og sjå, der var ein port som snudde i sud. Og han mælte stolparne og hallerne der og; dei heldt same mål som hine.
25 Det var vindaugo honom og hallerne rundt ikring, likeins som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
26 Og troppi der hadde sju stig, og hallerne var framanfor deim, og stolparne var det palmor, ein kvar sida.
27 Og det var ein port til den indre fyregarden sudsida. Og han mælte frå denne porten til sudporten: eit hundrad alner.
28 So let han meg koma til den indre fyregarden gjenom sudporten. Og han mælte sudporten: han heldt same mål som hine.
29 Og vaktromi og stolparne og hallerne der heldt same mål som hine. Og det var vindaugo honom og hallerne rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
30 Og det var haller rundt ikring: fem og tjuge alner lange og fem alner breide.
31 Og hallerne der låg utåt den ytre fyregarden. Og stolparne var det palmor. Og troppi hadde åtte stig.
32 So let han meg koma til din indre fyregarden austsida. Og han mælte porten: han heldt same mål som hine.
33 Vaktromi og stolparne og hallerne der heldt same mål som hine. Og det var vindaugo honom og hallerne rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
34 Og hallerne der låg ut åt den ytre fyregarden. Og det var palmor stolparne båe sidor. Og troppi hadde åtte stig.
35 So let han meg koma til nordporten. Og han mælte honom: han heldt same mål som hine.
36 Likeins vaktromi, stolparne og hallerne der. Og det var vindaugo rundt ikring. Han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.
37 Og stolparne der stod innmed den ytre fyregarden, og det var palmor stolparne båe sidor. Og troppi hadde åtte stig.
38 Og det var ein kove med dørgap i portstolparne. Der skulde dei skylja brennofferet.
39 Og i forhalli åt porten var det tvo bord kvar sida til å slagta brennofferet og syndofferet og skuldofferet på.
40 Og innmed den ytre sideveggen som snudde i nord, når ein steig upp i port-inngangen, var det tvo bord, og innmed hin sideveggen forhalli åt porten stod det og tvo bord.
41 Det vart fire bord innmed kvar sidevegg porten, soleis åtte i alt. deim skulde dei slagta.
42 Og til brennofferet var det fire bord av tilhoggen stein, ei og ei halv aln lange, og ei og ei halv aln breide og ei aln høge. deim skulde dei leggja ambodi til å slagta brennofferet og slagtofferet med.
43 Og tvigreina nabbar, ei tver hand breide, var feste huset rundt ikring, men bordi skulde offerkjøtet leggjast.
44 Og utanfor indreporten var det kovar åt songarane i den indre fyregarden, innmed sideveggen nordporten, og framsida deira snudde i sud. Ei koverad låg innmed sideveggen austporten, med framsida mot nord.
45 Og han sagde med meg: Denne koveradi som snur i sud med framsida si, er åt dei prestarne som hev umsut med det som skal gjerast i huset.
46 Men den koveradi som snur i nord med framsida si, er åt dei prestarne som hev umsut med altartenesta; dei er Sadoks-søner, dei av Levi-sønerne som kjem nær til Herren og tener honom.
47 So mælte han fyregarden: eit hundrad alner lang og eit hundrad alner breid i firkant. Og altaret var framfyre huset.
48 So let han meg koma til forhalli i huset. Og han mælte stolparne i forhalli: fem alner den eine sida og fem alner hi, og breiddi porten: tri alner den eine sida og tri alner hi.
49 Forhalli var tjuge alner lang og elleve alner breid, og ho hadde troppestig som dei steig upp til henne på. Og det var sulor innmed stolparne, ei kvar sida.