Zechariah 3NO2011NN

1Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor HERRENS engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han.

2HERREN sa til Satan: «HERREN refsar deg, Satan! HERREN, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»

3Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen.

4Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.»

5Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan HERRENS engel stod der.

6Så gav HERRENS engel denne lovnaden til Josva:

7Så seier HERREN over hærskarane: Går du på mine vegar og tek deg av tenesta for meg, skal du få styra mitt hus og vakta føregardane mine. Eg gjev deg tilgang mellom dei som står her.

8Så høyr, Josva, øvsteprest! Du og dei andre prestane som sit framfor deg, er eit varsel. For sjå, eg lèt min tenar Spire koma.

9Sjå, eg ritar ei innskrift på den steinen eg har lagt framfor Josva, denne eine steinen med sju auge, seier HERREN over hærskarane. Eg stryk ut skulda til dette landet på ein einaste dag.

10Den dagen, seier HERREN over hærskarane, skal de be kvarandre inn under vinstokk og fikentre.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.