Zechariah 4NO2011NN

1Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein blir vekt frå søvnen.

2Han sa: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein lysestake av reint gull, med ei skål øvst oppe. Ho har sju lamper. Lampene har sju røyr til veiken, til lampene øvst oppe.

3Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre og eitt til venstre for skåla.»

4Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?»

5Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette er?» Eg sa: «Nei, herre.»

6Då svara han: Dette er HERRENS ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier HERREN over hærskarane.

7Kven er vel du, store fjell? Framfor Serubabel skal du bli til ei slette. Han skal føra fram sluttsteinen under jubelrop: «Nåde, nåde vere med han!»

8HERRENS ord kom til meg:

9Serubabels hender har tufta dette huset, og hendene hans skal fullføra det. Då skal du kjenna at HERREN over hærskarane har sendt meg til dykk.

10For dei som viste forakt den dagen det tok til i det små, skal gleda seg når dei får sjå blysteinen i Serubabels hand. — Dei sju, det er HERRENS auge som fer over heile jorda.

11Då tok eg til ords og spurde han: «Kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for lysestaken?»

12Eg tok til ords for andre gong og spurde: «Kva tyder dei to olivenkvistene attmed dei to gullrøyra som leier den gylne oljen ned frå dei?»

13Han sa: «Veit du ikkje kva dette er?» «Nei, herre», svara eg.

14Då sa han: «Dette er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over heile jorda.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.