1Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! — fire horn.
2Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Han svara: «Dette er dei horna som har spreidd Juda, Israel og Jerusalem.»
3Så viste HERREN meg fire smedar.
4Då spurde eg: «Kva er det dei kjem for å gjera?» Han svara: «Dette er horna som spreidde Juda så ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne for å setja skrekk i dei; dei skal slå til jorda horna på dei folkeslaga som lyfte horn mot Juda og spreidde det.»
5Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! — ein mann med målesnor i handa.
6Eg sa: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal måla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»
7Og sjå, engelen som tala med meg, gjekk fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han
8og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der: Jerusalem skal liggja utan murar, så mykje folk og buskap skal det vera i byen.
9Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen, seier HERREN, eg skal visa min herlegdom der inne.
10Ve, ve! Røm frå landet i nord! seier HERREN. Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar, seier HERREN.
11Ve deg, Sion, berg deg, du som bur hos dotter Babel!
12For så seier HERREN over hærskarane, den herlege, etter at han sende meg til folkeslaga som plyndra dykk: Den som rører dykk, rører ved min augnestein.
13For sjå, eg lyfter handa mot dei, og dei blir til bytte for slavane sine. Då skal de kjenna at HERREN over hærskarane har sendt meg.
14Fryd deg, ver glad, dotter Sion! For sjå, eg kjem og tek bustad hos deg, seier HERREN.
15Mange folkeslag skal slutta seg til HERREN den dagen. Dei skal vera mitt folk, og eg skal ta bustad hos deg. Då skal du kjenna at HERREN over hærskarane har sendt meg til deg.
16HERREN skal ta Juda i arv som sin eigedom på heilag jord og velja ut Jerusalem endå ein gong.
17Ver still for HERREN, alt som lever! For han tek ut frå sin heilage bustad.