Titus 3NO2011NN

1Minn dei om at dei skal underordna seg styresmaktene, retta seg etter dei og vera villige til å gjera alt som er godt.

2Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske.

3For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vill og var slavar under mange slag lyster og ønske. Vi levde i vondskap og misunning, vi vart hata, og vi hata kvarandre.

4Men det vart openberra kor god vår Gud og frelsar er, og kor han elskar menneska:

5Han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande,

6som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,

7så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde og bli arvingar til det evige livet, som er vår von.

8Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal vera opptekne av å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og nyttig for menneska.

9Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du snu ryggen til; slikt er unyttig og meiningslaust.

10Ein vranglærar skal du tala til rette både ein gong og to gonger, og så visa han frå deg.

11For du veit at eit slikt menneske er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.

12Når eg sender Artemas eller Tykikos til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis. Der har eg tenkt å vera vinteren over.

13Sjå til at Zenas, den lovlærde, og Apollos blir utrusta til reisa, så dei ikkje manglar noko.

14Også våre folk må læra å gjera gode gjerningar og hjelpa når det trengst, så livet deira ikkje skal vera utan frukt.

15Alle som er hos meg, helsar deg. Hels alle som i trua elskar oss. Nåden vere med dykk alle!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Titus 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.