Philemon 1NO2011NN

1Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,

2og Appia, syster vår, og Arkippos, stridskameraten vår, og forsamlinga som kjem saman i huset ditt:

3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

4Eg takkar alltid min Gud når eg hugsar på deg i bønene mine.

5For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.

6Eg bed om at den trua som du har felles med oss, må vera verksam, så du kan skjøna alt det gode vi har i Kristus.

7Kjærleiken din har vore ei stor glede og ei trøyst for meg, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte takka vere deg.

8I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.

9Men for kjærleiken skuld kjem eg heller med ei bøn. Her er eg, den aldrande Paulus, no òg som Kristi Jesu fange,

10og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos.

11Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig for både meg og deg.

12Når eg no sender han tilbake til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarte.

13Eg hadde gjerne hatt han hos meg, så han i din stad kunne tena meg når eg no er i lenkjer for evangeliet.

14Men utan ditt samtykke ville eg ikkje gjera nokon ting, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

15Kan henda vart han teken frå deg for ei stund så du skal få han att for alltid,

16ikkje lenger som slave, men som noko mykje høgare enn ein slave, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.

17Så sant du held meg for ein du har fellesskap med, så ta imot han som meg sjølv.

18Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!

19Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.

20Ja, bror, lat meg ha nytte av deg i Herren! Gjer mitt hjarte roleg i Kristus!

21I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er sikker på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.

22Og ein ting til: Gjer klart gjesterommet til meg! For eg håpar at eg skal bli gjeven til dykk som svar på bønene dykkar.

23Epafras, som er i fengsel saman med meg for Kristi Jesu skuld, helsar deg.

24Det gjer òg Markus, Aristarkos, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.

25Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Philemon 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.