Hebrews 1NO2011NN

1Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane.

2Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.

3Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.

4Slik vart han mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.

5For aldri har Gud sagt til nokon engel: Du er Son min, eg har fødd deg i dag. Eller, som det òg står: Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg.

6Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han: Alle Guds englar skal tilbe han.

7Og om englane seier han: Han gjer englane sine til vindar, tenarane sine til logande eld.

8Men om Sonen: Din kongsstol, Gud, står til evig tid, din herskarstav er rettferds stav.

9Du har elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg og ikkje dine vener med gledes olje.

10Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender.

11Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede.

12Du rullar dei saman som ei kappe, dei blir utskifte som klede. Men du er den same, åra dine tek aldri slutt.

13Men har han nokon gong sagt til ein av englane: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter?

14Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.