Hebrews 2NO2011NN

1Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje driv bort frå det.

2For når det ordet som vart tala gjennom englar, var gyldig, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff,

3korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.

4Gud har sjølv gjeve sitt vitnemål, både med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den heilage andens gåver etter sin vilje.

5For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om.

6Dette er det ein som har vitna om ein stad: Kva er eit menneske — at du hugsar på det, ein menneskeson — at du tek deg av han?

7Ei lita stund sette du han lågare enn englane. Så krona du han med herlegdom og ære.

8Alt la du under hans føter. Då Gud la alt under han, vart ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno ser vi ikkje at alt er lagt under han.

9Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.

10Gud ville føra mange born til herlegdom. For han og ved han er alle ting. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar.

11Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den eine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken.

12Han seier: Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

13Og like eins: Eg vil setja mi lit til han. Og vidare: Sjå, eg og borna som Gud har gjeve meg.

14Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen,

15og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv.

16For det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt.

17Difor måtte han bli lik syskena sine i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket.

18Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.