Hebrews 3NO2011NN

1Difor, heilage sysken, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på Jesus, den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest.

2Han var trufast mot den som innsette han, liksom Moses var trufast i heile Guds hus.

3Men Jesus vart verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større heider enn huset han byggjer.

4Eit hus må alltid vera bygd av nokon, men den som har bygd alt, det er Gud.

5Moses var trufast som tenar i heile Guds hus. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.

6Men som son er Kristus sett til å styra huset hans. Og vi er hans hus, så sant vi held fast på frimodet og den vona vi er stolte av.

7Difor, som Den heilage ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst,

8så gjer ikkje hjartet dykkar hardt som under opprøret, den dagen dei utfordra meg i ørkenen.

9Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar

10i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

11Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

12Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud.

13Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda.

14For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.

15Når det heiter: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt, som under opprøret,

16kven var det då som høyrde, men likevel gjorde opprør? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut frå Egypt?

17Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og vart liggjande som lik i øydemarka?

18Og kven var det eiden gjaldt då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei ulydige?

19Så ser vi at det var vantru som førte til at dei ikkje kunne koma inn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.