Hebrews 4NO2011NN

1Lat oss difor vera på vakt så det ikkje skal visa seg at nokon av dykk blir liggjande etter, sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno gjeld.

2For den gode bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, vart til inga nytte, fordi dei ikkje vart eitt i trua saman med dei som høyrde det.

3Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa: Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile! Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.

4For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.

5Men her seier han: « Aldri skal dei koma inn til mi kvile! »

6Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.

7Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt.

8For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.

9Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk.

10Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine.

11Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad.

12For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.

13Ingen skapning er løynd for han. Alt ligg ope og nake for auga på han som vi skal gjera rekneskap for.

14Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!

15For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.

16Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.