Titus 2NO2011NN

1Men du skal forkynna i samsvar med den sunne læra

2at eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og forstandig fram og vera sunne i både trua, kjærleiken og tolmodet.

3Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode,

4så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,

5leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.

6På same måten skal du formana dei unge mennene til å vera stødige

7i all si ferd. Ver sjølv eit førebilete i gode gjerningar! Lat undervisinga di vera uforfalska og boren fram med alvor,

8og lat forkynninga di vera sunn og ulasteleg, så kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.

9Slavane skal du formana til å underordna seg herrane sine i alt og retta seg etter dei utan å seia imot.

10Dei må ikkje stikka noko til sides, men alltid vera ærlege og trufaste, så dei i eitt og alt kan vera til pryd for Guds, vår frelsars lære.

11For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.

12Og hans nåde oppdreg oss til å seia nei til alt ugudeleg og til verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er,

13medan vi ventar på vårt sæle håp: at vår store Gud og frelsar Kristus Jesus skal koma i herlegdom.

14For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville løysa oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med iver gjer gode gjerningar.

15Dette skal du forkynna, og med kraft skal du formana og visa til rette. Lat ingen sjå ned på deg!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Titus 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.