Song of Solomon 7NO2011NN

1Så vakkert du stig i sandalar, du hovdingdotter! Hoftene dine rundar seg som ei sølje, smidd av kunstnarhand.

2Navlen din er ei rund skål, måtte han aldri mangla vin! Magen er ein kveiteåker kransa inn av liljer.

3Brysta dine er som to kalvar, tvillingar til ein gasell.

4Halsen din er som eit elfenbeinstårn, auga som dammane i Hesjbon ved Bat-Rabbim-porten. Nasen er som Libanon-tårnet som ser mot Damaskus.

5Hovudet kronar deg som Karmel, håret skimrar som purpur. Kongen er fanga i lokkane.

6Så vakker du er, så nydeleg, du som eg elskar, full av lyst!

7Du er høg som palmen, og brysta dine er som drueklasar.

8Eg seier: Eg skal opp i den palmen, gripa tak i dei greinene. Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken, din ande som angen av eple

9og ganen som den finaste vin, som lett går ned hos kjærasten min, som glir over leppene mine og tennene!

10Eg høyrer kjærasten til, og til meg står hans trå.

11Kom, kjærasten min! Lat oss gå ut på marka! Vi overnattar mellom hennabuskar.

12Ved daggry går vi til vinmarkene, ser om vinstokken har sett nye skot, om blomeknoppane har opna seg, om granataplane blømer. Der vil eg gje deg min kjærleik.

13Kjærleiksepla angar, ved døra heng alle slag herleg frukt, både nyplukka og tørka. Kjærasten min, eg har gøymt dei til deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.