Song of Solomon 6NO2011NN

1Kvar er kjærasten din faren, du vakraste mellom kvinner? Sei, kvar har kjærasten teke vegen, vi vil hjelpa deg å leita.

2Kjærasten gjekk ned til hagen sin, til angande urtesenger. Han ville gjeta i hagane og plukka liljer.

3Kjærasten er min, og eg er hans, han som gjeter mellom liljene.

4Du er vakker som Tirsa, mi kjære, praktfull som Jerusalem, farleg som ein hær under banner.

5Vend auga dine bort, dei hærtek meg. Håret ditt er som ein geiteflokk, strøymande nedover Gilead.

6Tennene dine er som nyklipte sauer som kjem frå vask. Tvillingar har dei alle, og ingen har mista eit lam.

7Som skiva av eit granateple er tinningen bakom sløret.

8Seksti dronningar er det, åtti følgjekoner og unge jenter utan tal.

9Berre éi er mi due, mi fullkomne, den einaste for mor si, elska av henne som fødde henne. Døtrene ser henne og prisar henne sæl, dronningar og følgjekoner hyllar henne.

10Kven er ho som strålar lik morgonròden, vakker som månen, klår som sola, farleg som ein hær under banner?

11Eg gjekk ned til nøttehagen, ville sjå kor det grønkast i dalen, om vinstokken hadde sett nye skot, om granataplane blømde.

12Eg kjende ikkje meg sjølv, det var som stod eg på mitt folks vogner som hovding.

13Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam! Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg! Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulam der ho dansar mellom rekkjene?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.