Song of Solomon 8NO2011NN

1Var du som ein bror for meg, ein som mor mi hadde amma, då ville eg ha kyst deg når vi møttest ute, og ingen hadde forakta meg.

2Så leidde eg deg til huset åt mor mi, ho som hadde fostra meg. Eg skulle skjenkt deg krydra vin og saft av granatepla mine.

3Venstre armen hans er under hovudet mitt, med den høgre held han rundt meg.

4Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer! Kvifor uroar de kjærleiken, kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?

5Kven er ho som stig opp frå ørkenen, stødd til kjærasten? Under apalen vekte eg deg, der mor di hadde rier, der ho fødde deg.

6Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein HERRENS loge.

7Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort. Om nokon gjev alt han eig for å kjøpa kjærleik, blir han berre til lått.

8Vi har ei lita syster som ikkje har bryst. Kva skal vi gjera med syster vår den dagen ho blir lova bort?

9Er ho ein mur, vil vi byggja tindar av sølv på han. Er ho ei dør, vil vi sperra henne med ein sederplanke.

10Eg var ein mur, og brysta mine som tårn; framfor hans auge har eg vorte lik ei som finn fred.

11Salomo hadde ei vinmark i Baal-Hamon. Han gav vinmarka bort til paktarane, kvar av dei skulle gje han tusen sølvpengar for frukta.

12Mi vinmark er berre mi, den rår eg over sjølv. Dei tusen er dine, Salomo, to hundre er til dei som vaktar frukta.

13Du jente som held til i hagane, venene lyder på di røyst. Lat meg få høyra henne!

14Fly, kjærasten min, ver som ein gasell, som ein ung hjort over fjell med angande urter!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.