Song of Solomon 2NO2011NN

1Eg er blomen frå Saron, lilja i dalen.

2Som ei lilje mellom tistlar, slik er mi kjære mellom døtrene.

3Som ein apal mellom trea i skogen, slik er kjærasten min mellom sønene. Å sitja i skuggen hans er ei nyting, hans frukt er søt for ganen.

4Inn i vinhuset har han ført meg, hans merke over meg er kjærleik.

5Styrk meg med rosinkaker, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik.

6Venstre armen hans er under hovudet mitt, med den høgre held han rundt meg.

7Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer, ved gasellane eller ved hindene i marka: Uroa ikkje kjærleiken! Vekk han ikkje før han sjølv vil!

8Høyr, det er kjærasten, der kjem han, springande over fjell, hoppande over haug.

9Kjærasten liknar ein gasell, ein ung hjort. Der står han bak muren vår. Han gløtter inn gjennom vindauga, kikkar inn gjennom gitteret.

10Kjærasten tek til orde og seier: Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom!

11No er vinteren over, regnet er forbi, det er borte.

12Landet blir dekt av blomar. Songtida er her, turteldua kan høyrast i landet.

13Frukta på fikentreet mognar, og blomen på vinstokken angar. Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom!

14Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg, lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di! For røysta er mjuk og skapnaden vakker.

15Fang revane for oss, dei små revane som øydelegg vinmarkene. For vinmarkene våre står i blom.

16Kjærasten er min, og eg er hans, han som gjeter mellom liljene.

17Heilt til dagen blæs skuggane bort, spring som gasellen, kjærasten min, som ein ung hjort over kløfter og fjell!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.