Song of Solomon 1NO2011NN

1Songen over songane, av Salomo.

2Å, om han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Kjærleiken din er betre enn vin.

3Angen av oljane dine er herleg, namnet ditt blir aust ut som olje. Difor likar jentene deg.

4Ta meg med! Lat oss springa! Kongen har ført meg inn i sine rom. Lat oss jubla og gleda oss over deg, lat oss prisa din kjærleik høgare enn vin. Med rette likar dei deg.

5Svart er eg, men søt, de Jerusalems døtrer, svart som Kedars telt, som Salomos teltdukar.

6Sjå ikkje på at eg er så svart, at sola har brent meg. Sønene til mor mi var harde mot meg, dei sette meg til å vakta vinmarkene. Mi eiga vinmark har eg ikkje vakta.

7Sei meg, du som eg elskar, kvar gjeter du? Kvar kviler du ved middagstid? Kvifor skulle eg gå som ei kvinne med slør der venene dine gjeter sauene?

8Om du ikkje veit det, du vakraste av kvinner, følg spora etter flokken og gjet kjea dine innmed gjetarhyttene!

9Eg vil likna deg med ei hoppe mellom faraos vogner, mi kjære.

10Fine er kinna dine mellom perlesnorene, halsen din med kjede rundt.

11Snorer av gull skal vi laga deg, med sølvperler på.

12Når kongen er hos meg, angar nardussalven min.

13Kjærasten min er ein myrrakvist, han overnattar mellom brysta mine.

14Kjærasten min er ein klase hennablomar på En-Gedis vinmarker.

15Så vakker du er, mi kjære! Så vakker du er! Auga dine er duer!

16Så vakker du er, kjærasten min, så god, og vårt leie så grønt!

17Sedrar er bjelkar i vårt hus, sypressar er tak og himling.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.