1Om natta leita eg på leiet etter han som eg elskar. Eg leita, men fann han ikkje.
2«Eg vil opp og gå omkring i byen på gater og torg. Eg vil leita etter han som eg elskar.» Eg leita, men fann han ikkje.
3Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg. «Har de sett han som eg elskar?»
4Eg hadde ikkje før gått frå dei, så fann eg han som eg elskar. Eg tok tak i han og sleppte han ikkje før eg fekk han inn i huset til mor mi, i rommet til henne som fødde meg.
5Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer, ved gasellane eller ved hindene i marka: Uroa ikkje kjærleiken! Vekk han ikkje før han sjølv vil!
6Kven er ho som stig opp frå ørkenen som røyksøyler, omfløymd av angande myrra og røykjelse, av alt krydder ein kan få kjøpt?
7Der er senga til Salomo! Seksti heltar omgjev henne, seksti av Israels heltar,
8alle væpna med sverd, røynde i strid. Ved hofta ber kvar mann sverd mot redslene i natta.
9Kong Salomo laga seg ei bereseng av tre frå Libanon.
10Stolpane gjorde han av sølv, baldakinen av gull, og madrassen kledde han med purpur. Innsida er sydd saman av kjærleik frå Jerusalems døtrer.
11Kom ut, Sions døtrer! Sjå på kong Salomo, på krona som mor hans krona han med på bryllaupsdagen, den dagen som gledde hans hjarte.